Sjølvbiografi med litteraturhistorisk krydder, eller omvendt

litteraturen-gjennom-livetMed Litteraturen gjennom livet av Rolf Nyboe Nettum. Novus. 2008.

Denne boka er ei litt uvanleg påskebok, men kvifor ikkje prøve på noko anna enn krim? Rolf Nyboe Nettum har skrive ein slentrande sjølvbiografi der han fletter inn lyrikk og sitat frå litteraturen for å skildre sine eigne opplevingar. Det er fasinerande å møte ein person som har lese så mykje og klarer å bruke litteraturen til noko meir enn underhaldande konsum. Han viser korleis han fann trøyst i diktarens ord i vanskelege periodar i livet, slik som tysk fangenskap under krigen. Han reflekterer over historiske hendingar og dagliglivet med litteraturen som ein tredje dimensjon.

Det var Hamsun som ga forfattaren lesefeber. Det har nok ikkje vore noko lite dilemma å vere så begeistra for Hamsun etter krigen. Og det har vel kanskje blitt slik at Hamsun-elseker må legitimere sin begeistring. (Hamsun er ikkje min forfattar).På slutten diskuterer han forholdet til religion, eit tema som er svært aktuelt i dag. I sin leiting etter ein eventuell eigen tru finn han heller svaret på livets mysterier i lyrikken.

Eg har ikkje lese heile boka (punktlesing), men ser at dialogen forfattaren har med lyrikken er inspirerande og har fått meg til å lese meir av den sjangeren enn på lenge. Det er nok ingen kioskveltar, men kunne gje litt likevel…

Les nasjonalbibliotekets omtale

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s