Deaf sentence av David Lodge , 2008

Etter ein sommar i selskap med elder tanter, foreldre og svigerforeldre med diverse hørelsproblem var det befriande å lese David Lodge sin roman om den førtidspensjonerte lingvisten Desmond Bates.
Vi møter han i eit bråkete kunstgalleri, der han kjem i snakk med ei ung studine. Etter å ha streva med redusert hørsel har han lært seg til å jatte med og håpe på at han svare riktig. Det oppstår mange pinlege situasjonar både for han, kona og tilfeldige personar han møter på. Han har innsett at karrieren er over og at det sosiale livet ikkje er særleg kjekt meir. Men i eit forsøk på å ikkje isolere seg heilt blir han med på ulike arrangement. Det viser seg at han har sagt ja til å rettleie den unge studenten. Noko som skapar store problem for han. Han vert tiltrukke av ho både fagleg og at ho sjarmerer og provoserer han. Alex skal skrive analyser av ytringar i sjølvmordsbrev. Det er mykje humor og satire i boka. Boka er mangfaldig; Desmond har sine utfordringar med ein aldrande far. Denne delen er skriven med ein varme og poesi. Forholdet til den mykje yngre kona Fred har sine sider. Vi får skildringar frå universitetsmiljøet med dei vanlege intrigane. Han prøver å ikkje trakke i bedet til sine kollegaer, men når emnet er interessant og er det vanskeleg å halde seg unna. Tittelen antyder eit trist tema, men boka er full av humor, og den ytre historia om forholdet til Alex er gir boka eit spanande driv.

Vi har den på Nattbordet

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s