Les ein klassikar – Kejsarn av Portugalien

I Nattbordets samling finn du òg nokre klassikarar. Ein av dei er Selma Lagerløf sin Kejseren av Portugalien frå 1914. Historien er om husmannen Jan som opplever sin livs lukke når dottera vert fødd. Han er ein stolt far og ønsker ho alt godt. Livet i bygda og på husmannsplassen blir vanskeleg når storbonden vil kaste dei ut. Klara Gulla er 17 og dreg til storbyen for å tene pengar. Pengane kjem, men ikkje Klara Gulla. Eit par brev er alt dei får før det blir stilt. Det er heilt uuthaldeleg. Jan lever seg inn i ein fantasihistorie som heile bygda er med og bygger opp under, han får behalde sin livsløgn. Viss du ønsker å finne ut om dottera kjem heim att og livet returerer til normalen må du lese denne. Det er er ei vakker forteljing og verd å lese neste 100 år etter. Eg las den på svensk og forteljarstemma frå Emil i Lønneberget låg som eit vakker tone og ga leseopplevinga ein ekstra dimensjon.

Biblioteket har den norske oversetjinga. Sjekk om den er tilgjengeleg.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s