…jeg ville skrive en roman som om det var poesi

…skriv Tomas Espedal i boka «Imot kunsten». Han har konkurrert med Knausgård det siste året og mange samanliknar dei to forfattarane. Der Knausgård er volumiøs og detaljert er Espedal meir stram og nøktern. Med gjentakingar og rytme er det mykje poesi over teksten og forteljinga. Espedal ville skrive ei bok om mor, om det å flytte og det å «stanna kvar». Det er mykje savn, sorg og fråver utan at det vert for dystert. Vi får kort møte tre generasjonar. Han skildrar dei kvardagselege rutinane, dei nære relasjonane, forsvarar at det å vere forfattar er eit yrke lik industriarbeidarens og til slutt kva det betyr å vere ein god far? Må han vere tilstades heile tida, eller kan han leve sitt eige liv? Dette er ei vakker forteljing som fortener merksemd og lesarar.

Imot kunsten : (notatbøkene) / Tomas Espedal. Gyldendal. 2009.

Les ein lenger omtale på NRK.

Nattbordet har eit eksemplar. Sjekk om det er utlånt?

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s