Der er forfattar han skal bli; «koste kva det koste vil».

Romanfiguren Karl Over Knausgård er komen til Bergen, ein by han skal leve med i nærare 14 år. Han er komen inn på det nyoppstarta Skrivekunstakademiet. Sjølv om han kjenner seg liten er han likevel trygg på at har noko å fare med. Men her blir all sjølvtillitt i forhold til eigen skrivekunst knust. Trass skrivesperre, negativ kritikk og refusjon gir han seg ikkje. Som ein Duracell-kanin går han på nye prosjekt mot det endelege målet; å bli antatt. Eg kunne ønske meg at han kunne gje oss litt meir om kvifor det er forfattar han vil bli. Kva er det som lokkar med eit yrke der kostnadene er så store for dei han har rundt seg? Knausgård observerar studentlivet i Bergen frå utsida. Han er aldri med i dei indre sirklane, anten fordi han ikkje torer, eller fordi han ikkje vil. Han vert oppfatta som arrogant, men skildrar seg sjølv som redd, asosial, klossete og med mykje sjølvforakt. Som i dei foregåande banda er det det problematiske og komplekse forholdet til nære vener, familien, kjærester som representerer kontinuiteten i prosjektet. Denne gongen er far nærast fråverande. Kjæresten Gunvor, kona Tonje, vener må tole mykje av denne knugende og inneslutta personen som skifter personlighet i fylla. Kulissene er studentlivet, drikking, uansvarlighet, ønske om å spele i band, lesing. Eg synes at det som har vore mest interessant å lese om er alle småjobbande han er innom. Spesielt er det med gru eg vert minna om mangelen på opplæring då han jobba på dei ulike institusjonane.

Knausgård er bunnlaust ærleg der han utleverer sine innerste usympatiske sider. Han unnskylder seg med at han ikkje meiner å vere ond, han er berre utrygg. Eg er ikkje heilt sikker på om eg trur han.

Eg var veldig skeptisk til 5. band i romanprosjektet til Karl Ove Knausgård. Band 3 og 4 var heilt ok, men eg kjeda meg litt, og tenkte at prosjektet var for stor for forfattaren. Heldigvis vart eg overraska og må innrømme at eg har likt band 5 veldig godt. Forteljinga har gitt meg ei god leseoppleving, eg har ledd, blitt sint, flau, irritert og trist. Så plutseleg var dei 600 sidene over. No er det berre ei bok att… 🙂

Du finn den på Nattbordet (eller kanskje den er utlånt?)

Advertisements

En kommentar om “Der er forfattar han skal bli; «koste kva det koste vil».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s