Istanbuls Solveig?

Korleis er det mogleg å la kjærleiken styre livet så grenselaust som Orhan Pamuk skildrar i boka «The Museum of innocence»? Han tek oss med tilbake til Istanbul på 70-talet. Det er ei brytningstid mellom vestens frihetstidealer og det meir tradisjonelle tyrkisk-religiøse samfunnet. Kemal er ung, velutdanna og nyforlova med ei passende frigjort, velutdanna kvinne. Begge velståande. Rett før det store forlovelsesselskapet treff Kemal sin fjerne slektning, vakre Füsun. Den velkjende historia utspeler seg. Kemal og Füsun leiker med frigjort sex før han skal inn i ekteskapet. Leiken går raskt over i besettelse. Forlovelsen vert broten,  men han mister likevel kontakten med Füsun. Mesteparten av boka går med til å finne tilbake til sin livs kjærleik og besettelse. Han finn ho og trengjer seg på familien og lever saman med dei i eit fattig strok av Istanbul. Dei held avstand til kvarandre, men Kemal besøker ho så ofte han kan. I mangel av fysisk og uttalt nærleik til Füsun stel han alt frå sigarettsneiper til gjenstander i heimen hennar. Kemal, Füsun og hennar ektemann har eit filmprosjekt som fungerer som lim i denne relasjonen. Vi møter Istanbuls gryende filmmiljø.

Kemal reiser verda rundt og besøker små og store museum. Inspirert av dette opner han eit museum og stiller ut alle gjenstandane han har teke vare på oppgjennom åra, i eit forsøk på å skape atmosfæren og omgjevnadane han levde side om side med uoppnåelege Füsun.

Absurd historie, men verdt å lese. Det eg synes er mest interessant med denne boka er historia om Istanbul. Dei store endringane frå 70-talet, frå eit tilsynelatande fordomsfritt Istanbul, gjennom nedgangstider, portforbud og ein stadig meir religiøs tilstedeværelse. Ei viktig historie for å forstå våre landsmenn med tyrkiske røtter.

Museumet finn du i bydelen Çukurcuma i Istanbul.

Du finn den på nattbordet. (Sjekk om den er utlånt her. Norsk utgåve).

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s