Stalins kyr

Finsk-estiske Sofi Oksanen er blitt omtalt som ein av dei sterkaste romandebutantane på lenge. Oksanen tek oss med inn i historia til tre generasjonar estiske kvinner; Anna, den yngste, hennar mor Katariina og Sofia, den eldste. Vi kjem tett inn på eit liv og eit land mange nordmenn har sterke fordommar mot. Katariina er målbevisst og vil bort frå Estland og gifter seg med ein finne. Dei flytter til Finland der Katariina, i sterk angst for at ho og dottera Anna skal bli stempla som horer, isolerer seg. Ho er utdanna ingeniør, men Finland har ikkje bruk for hennar kompetanse.

Oksanens sterke sider er at ho kan fortelje mange parallellhistorier. Eg er veldig fasinert av reisa inn iden estiske kulturen, det nevrotiske, paranoialiknande som utviklar seg pga av eit samfunnssystem basert på mistillit og redsel. Eg likar at ho utfordrar stereotypien av ein estisk borgar. Vi følger samfunnsendringane frå det innestengde Sovjetsamvelde til marknadsøkonomiens inntreden og kva gjer dette med folk.

Annas oppvekst i Finland er prega av lojalitetskonflikt mellom nær familie, vener og sitt estiske opphav; ein kjend kulturkonflikt for fleirkulturelle. Ho utviklar ein alvorleg spiseforstyrrelse. Oksanen er brutalt ærleg i skildringa det å leve som anorektiker/bulemiker. For mange overskygger dette bokas innhald, men eg synes faktisk ikkje det. Klarer du det er dette ei fantastisk reise, skildra i eit sterkt og klart språk utan sentimentalitetens banaliteter.

Du finn boka på Nattbordet. (Sjekk om den er utlånt her)

Advertisements

En kommentar om “Stalins kyr

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s