Straahlbox – språkleg provokasjon og forvirring

Thure Erik Lund sin nyaste roman startar, etter høvet, normalt. Vi møter ein gut som alltid har visst at han vil vere ein boms, og som nektar å gå i nye klede. OK. Men fokus skiftar, og med eitt er vi inne i hovudet til ein kvinneleg akademikar med eit anstrengt forhold til bror sin. Gjennom ulike irrgangar blir vi deretter med til Straahlbox, eit svært intenst og merkeleg konsept  i Amsterdam, og til sære karakterar på ei bebudd søppelfylling ein ubestemt stad i Nederland.

Det er i Straahlbox romanen eigentleg startar, eller går heilt fra konseptene, alt etter korleis ein ser det. Lund har nemleg ein måte å fullstendig radbrekke og komplisere språket på som går gjennom marg og bein og gjorde meg reint sliten etter eit par sider. Han viklar seg inn i det som kjennes som umulige setningar og leddsetningar, spekka med framandord og nyord, og gjer leseopplevinga til litt av eit arbeidsprosjekt. Men forhåpentleg kjem lesaren etterkvart inn i ein slags leseflyt og får eit glimt av kvar Lund vil hen. Her er eksistensfilosofi, språkfilosofi og metalitteratur så det held, og for dei som synes slikt er artig, er Lund eit eige studium. I den siste delen skriv Lund òg inn seg sjølv, og romanen får sterke sjølvbiografiske trekk der nokon (Lund? Framtidsmenneske? Creatures from outer space?) filosoferar rundt kven som eigentleg fortel denne historia.

Straahlbox fungerte heilt greit for meg fram til sjølvbiografidelen, der eg datt av og mista interessa. Intensiteten i prosjektet vart borte, eg meinte eg hadde tatt poenget (?) og trengte ikkje dei vidare utgreiingane om Lund, kva han gjorde og kva han tenkte. Romanen kan vere spennande (eller irriterande) for dei som er over gjennomsnittet interessert i litteratur, men det er kanskje ikkje eit prosjekt ein set igang med om ein vil slappe heilt av med ei god bok.

Sjekk om Straahlbox er på hylla i biblioteket!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s