The Game – i krig og kjærleik er alt lov

Denne boka vart introdusert for meg av ei venninne for ei tid tilbake. I ei god, djup og engasjert samtale, muligens prega ein smule av noko alkoholinntak og tidspunkt på døgnet. Det var då ho hardnakka påsto at ein såkalla Pickup artist kunne plukke opp kva dame han ville, UANSETT, at feministen i meg vakna. Dette er sludder. Pølsevev. Og skikkeleg skikkeleg teit Hollywoodfiksert kvasipsykologi. Vi vart nesten litt sinte på kvarandre. Men det skjer jo stadig vekk. Og eg lova at eg skulle lese boka. Jauda.

Men nyfiken som eg er, kunne eg ikkje la dette gå frå meg.  (U)heldigvis hadde vi boka på biblioteket der eg jobbar, og ein dag sto eg med ho i handa. Spør meg ikkje korleis, det berre skjedde.

Så, i nattas mulm og mørke, under dyna og med lommelykt, gjekk eg igang med prosjektet som på norsk treffande nok heiter Spillet. Neill Strauss, journalisten bak Mötley Crue-biografien The Dirt, er sjølv hovudperson og eg-fortjeljar i denne dokumentariske teksten. Utgangspunktet er Strauss sine eigne opplevingar frå «The Pickup Artist Society», fortrinnsvis i California. Desse «Pick Up Artists» (PUAs) spesialiserar seg i personlegdomsforvandling, relasjonsbygging og heil- og halvpsykologiske sjekketeknikkar. Først og fremst som eit middel for å få dei heitaste damene til sengs. Strauss blir sjølv etterkvart ein svært dyktig PUA, og kaprar sjekkefellesskapen som ein ny guru. Alle er på veg mot nye, strålande sjekkehøgder. Ikkje uventa kjem samanbrotet. Fasadene og fellesskapen slår sprekkar, intriger, løgn, sjølvbedrag og depressiv sjølvgransking tek overhand. Og alt går som det må gå: mot slutten.

Til å byrje med såg eg dette som eit ironisk prosjekt, og samla motargument som skulle brukast hardt og effektivt mot venninna mi. Den ironiske lesinga vart bekrefta av sensasjonsbygging og ei stadig namnenemning der blant anna Tom Cruise, Britney Spears og til stadigheit Courtney Love dukkar opp.  Men Strauss kjem og med inngåande skildringar av  «The Secret Society», medlemmane og deira hemmeleg språkkode med alskens artige akronym. Størst vekt legg han på PUAane sine utrulege sjekketeknikkar og facinerande triks. Desse triksa er oftast ispedd ei god dose psykologi, beregna både på både artisten sjølv og på offeret. Det heile verkar nokre gonger som ein litt avansert barneleik. Og feministen i meg egra seg til tider grønn over kor lettvint denne sjekkinga blir framstilt. Er det verkeleg så lett? Er jenter verkeleg så dumme?

Det som til slutt enda med å gripe meg mest med denne forteljinga, var karakterane. Strauss sjølv halde utanfor, blir vi presentert for fleire personar det kunne vore interessant å følgje nærmare. Men då dette er ei dokumentarisk og sjølvbiografisk forteljing, får han ikkje høve til å dukke djupare ned i sinnet til sine med-PUAer. Dette er eigentleg litt dumt, for det er nemleg HER The Game byrjar å bli interessant. Det er når ein tenkjer på kvifor og korleis desse mennene og gutane tek dei gigantiske stega dei faktisk gjer, og kva det gjer med dei, at The Game – Penetrating the Secret Society of Pick Up Artists verkeleg byrjar å grave i noko interessant. Men dette er ikkje fokus i boka. The Game er derimot i seg sjølv ein PUA sitt forseggjorde triks, der lesaren blir leda, begeistra, forskrekka og kanskje til og med rørt av ei forteljing som til tider nesten er for drøy til å vere sann.

Sjekk om denne er på hylla i biblioteket!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s