Ville detektiver – rastlaus og fleirstemmig diktarjakt

Om du har lyst på ein intens, underhaldande og kompleks murstein av ein roman, kan du nyte Roberto Bolaño sitt store litterære prosjekt Ville detektiver.

Frå fyrste stund blir vi gjennom dagboka til den unge studenten Juan Garciá Madero leda inn i den rotlause, forvirrande og intense verda til poetane i den såkalla ”viscerale realismen” i Mexico by på 1970-talet. Den unge Madero og hans oppdagingar av livet, kjærleiken og diktinga opnar for ei større forteljing. Ei forteljing om dei to litteraturbesette, litt mystiske og ubegripelege poetane Ulises Lima og Arthuro Belano, leiarane av den viscerale realismen. Ei forteljing som strekker seg over vel 20 år og gjennom fleire land, men som alltid dreier seg rundt poetane, litteraturmanien deira og den rastlause jakta på ein forsvunnen diktar.

Men det er ikkje desse to som fortel historia. Vi får faktisk aldri høyre kva dei har å seie. Her er nemleg eit fullstendig virrvarr av eit karaktergalleri med poetar i ubalanse, streite studentar, fresande kjærestar, lågmælte tenkjarar og psykisk forstyrra fedrar. Vi får gjennom korte eller lengre dagbokaktige innførslar innblikk i minst 30-40 ulike karakterar si unike historie. Desse forteljestemmene diskuterer iblant høglydt med kvarandre og gir ikkje sjeldan uttrykk for ulike oppfatningar av dei same hendingane. Med kvar si eigenarta stemme og kvar si historie er det einaste alle har til felles at dei har kryssa livsvegen til dei to søkande poetane. Nokon er fascinerte, andre irriterte, andre igjen skjønar ikkje kva alt gnålet dreier seg om og vil helst skravle om seg sjølv eller sitt eige forhold til litteraturen og verda.

Bolaño gir litterære referansar i aust og vest, men det er den spennande, omfattande og medrivande historia som sit att. Å lese Ville detektiver kjennes ikkje berre som å lese ei bok, men som om ein får ta del i ein straum av samanfletta historier og skjebnar.

Sjekk om boka er på hylla i biblioteket!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s