The New York Trilogy – ei litt annleis detektivhistorie

The New York Trilogy er eigentleg sett saman av tre separate romanar, City of Glass, Ghosts og The Locked Room. Paul Auster tek oss i desse romanane med til heimbyen sin, New York. Byen vert scene for tre forskjellige historier, som kvar for seg til ei viss grad slektar på den klassiske, hardkokte kriminalromanen frå mellomkrigstida.

I City of Glass møter vi kriminalhistorieforfattaren Quinn, som gjennom ei misforståing blir hyra inn som privatdetektiv for å skygge ein muleg mordar. I Ghost har vi med ein ekte privatdetektiv, Blue, å gjere. Blue får i oppdrag av White å spionere på den svært mistenkelege mannen Black, utan eigentleg å vite kvifor. Til slutt, i The Locked Room, møter vi nok ein forfattar. Han gir ut manuskripta til den forsvunne barndomsvenen sin på oppdrag frå venen si enkje. Etter kvart giftar han seg med enkja, men blir samstundes nærast besett av ein trong til å oppspore den forsvunne venen.

Som ein kanskje allereie anar, er ikkje dette heilt klassiske detektivhistorier. Rett nok følgjer vi i kvar historie ein privat etterforskar som har blitt gjeve eller har gjeve seg sjølv eit mysterium å oppklare. Men felles for historiene er óg at dei alle dreier seg meir og meir vekk frå sjølve oppdraget. I jakta på bytta sine, endar etterforskarane i staden med å gå djupare og djupare inn i seg sjølv. Til slutt er det vanskeleg å sjå kven som er kven, og kven som eigentleg jaktar eller vaktar på kven.

Som om ikkje dette er nok, bruker Auster metatekst så det syng etter. Vi les om forfattarar som blir detektivar og detektivar som skriv, samstundes som Auster sjølv opptrer i boka både som detektiv (eller var dette ei misforståing?) og forfattar. Kven skriv kva? Kva er forbindelsen mellom dei nedskrivne historiene? Og kan det verkeleg vere at det er den same historia fortalt oppatt tre gonger?

Til sjuande og sist blir ingenting oppklara. Dess meir eg les, dess meir forvirra, interessert og engasjert blir eg. Uoppklara spørsmål og lause trådar heng overalt. Samstundes peikar teksten stadig tilbake på seg sjølv, som for å insistere på at eg kan finne ein samanheng ein stad, ei forklaring på alt, berre eg les nøye nok. Eg, lesaren, blir sjølv ein privatdetektiv. Eg går på jakt gjennom teksten etter detaljar og hint som kan skape ein samanheng for meg. Men lik hovudpersonane i The New York Trilogy sit eg att med skjegget i postkassa og lurer litt på om eg ikkje mista eit stykke av meg sjølv på vegen.

Sjekk om vi har boka på hylla i biblioteket!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s