Dystert, vakkert og handlingsspekka

Lars Petter Sveen fekk i 2009 Tarjei Vesaas debutantpris for novellesamlinga Køyre frå Fræna. Den fyrste romanen hans, Eg kjem tilbake, innfrir absolutt forventingane frå debuten.

Handlinga i Eg kjem tilbake går føre seg i ei ubestemt tid på ein uplasserbar, nesten skremmande anonym stad. I eit intenst, lågmælt og poetisk språk fortel Sveen om den vesle byen på sletta og om menneska som bur der. Han fortel om bokhandlaren Lied, om truslane frå den mørke skogen og om Lied si reise inn i og ut av denne. Og om alt det som skjer på vegen.

Byen er eit lite, innestengt samfunn som prøver å oppretthalde orden i tilværet. Det er eit samfunn som er merka av den vindharde, støvete sletta utanfor; av trusselen frå skogen og det framande og skremmande som finst der inne. For der inne er det andre menneske og andre reglar. I rommet mellom desse to festningane utspeler det seg ein rasande maktkamp rundt sterke økonomiske og politiske interesser. Her er geriljaaktige barnebandar, intriger, vald, fortviling, omsynsløyse og daud. Alt er frykteleg dystert og litt westernaktig.

Trass all valden og den tette handlinga held Sveen gjennom romanen fokus på menneska vi møter. På relasjonane mellom dei og kampane dei har med seg sjølve. Han peiker ikkje ut gode eller vonde, men viser oss berre menneske som prøver å leve i fellesskap. Med dette i bakhovudet kan teksten lett relaterast til eiga verkelegheit og eige liv.

Boka er godt og modig skrive. Sveen tør å stole på si eiga stemme, sitt eige språk og på at forteljinga fungerer. Og det gjer ho. Eg kjem tilbake er ikkje berre ein vakker, velskreve og fengslande roman, men samstundes ei actionfylt, skarp og aktuell historie.

Sjå om boka er på hylla i biblioteket!

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s