Piki – Helsinkis cooleste lesbe?

Nok ein gong konfronterer Sofi Oksanen oss med skambelagte tema. I Baby Jane møter vi Piki, ei kul ung kvinne som tilsynelatande behersker verda og blir eit forbilete for mange unge kvinner. Forteljaren er den ti år yngre elskerinna og kjæraste. Det viser seg at Piki eigentleg strever med det meste. Ho isolerer seg med forteljaren og eksen «Bossa» som etterkvart blir den einaste kontakta ho har med omverda. Det er tydeleg at Piki treng hjelp, men ho stoler ikkje på hjelpeapparatet og dei ser ikkje ut til å føle noko ansvar for Piki heller. Forteljaren og Piki klarer seg økonomisk ved å starte ein slags teletorgteneste der dei sel brukt undertøy, strømper og andre ting folk der ute ønsker av sære fetisjer. Det ligg eit bakteppe av sjalusi mellom Bossa og forteljaren. Forteljaren ser at livet med Piki er destruktivt og forsøker å frigjere seg frå det. Men Piki har eit grep om forteljaren og Bossa, noko som fører til at dei gjer ting dei ikkje ønsker å vere med på. Hjelpelaust ser dei Piki gå til grunne.

Baby Jane skil seg frå Utrenskning og Stalins kyr ved å vere ein slags kammerroman. Det er få karakterar og stort sett foregår handlinga i Pikis leilighet. Oksanen kvir seg ikkje frå å skildre ein brutal, mørk verden vi helst ikkje vil vite så mykje om. Eg ser det går mot katastrofe og liker det ikkje. Det er det som er det beste ved Oksanens romanar, det er ikkje romanar du koser deg med. Eg anbefaler sjølvsag denne boka, men eg rangerer Utrenskning høgst av hennar forfattarskap.

Vi har den på Nattbordet: BIBSYS

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s