Roman om primtal og nummerteori – er det mogleg?

«The Housekeeper and the Professor» av Yoko Ogawa var ei bok eg snubla over på familiehytta i sommer. Der flyt det av alt frå årets bestselgar til sære og smale titlar.

Vi møter ein matematikkprofessoren som vart utsett for ei bilulykke for mange år sidan og hugsar ikkje lenger enn 80 minutt tilbake i tid. For han stoppa tida opp i 1975. Ei ung hushjelp får jobb hos professoren. Det første møte er overraskande.  Ho møter ein eldre mann i slitte klær med dressen full av post-it lappar som td fortel «I dag kjem den nye hushjelpa». Han er ingen enkel mann å vere hushjelp for og har slitt ut mange. Kvar morgon må ho presentere seg på nytt. Forteljaren er ei sta ung einsleg mor. Ho er oppgitt, men nysgjerrig på denne mannen som fell i stavar over skostørrelser, alder mm og ser samanhengar i alle tal.

Professoren løyser vanskelege oppgåver og sender dei inn til konkurranser. Han vinn ofte, men bryr seg lite om premiane. Den einaste interessa han har utanom matematikken er idrettsheltar frå 20 år tilbake. Hushjelpa og professoren finn ut av det med kvarandre, han er glad når ho i blant tek med sonen på ti. Han får fort tilnamnet «Root» fordi hodefasongen ser ser ut som rotsymbolet. Professoren tek på seg lærarrolle og utviser stor omsorg for denne guten.

Kan dette vere noko å lese om? Eg synes dette var ei herleg og melankolsk forteljing, eit blikk inn i eit kvardagsliv ulik vår hektiske kvardag. Det var overraskande tema og eg vart overraska over at eg koste meg med lesinga. Eg hoppa over det meste av mattestykkene som vart presentert utan at eg trur det gjorde noko. Men det var fasinerande å prøve å følge forklaringane. Eg klarde til og med til ein viss grad følge med under utlegningane om talsystem.

Nattbordet har ikkje denne boka, men du kan prøve eitanna bibliotek.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s