Pinnsvinets eleganse

Muriel Barbery skildar livet i ein lukseriøs fransk leigegård der dei framleis har portner, ikkje akkurat eit yrke eg kjenner godt. Her møter vi enka og portnerkona  Reneé.  Ho har gjort alt for å beholde eit image som grå, usynleg mus, og som  bruker energien på å leve opp til stereotypien av den franske uintelligente (udanna?) portnerkona. På bakrommet, nesten i løynd, lev ho eit anna liv vi forbinder med ein annan klasse, det Bourdieu liker å kalle ei klasse med høg kulturell kapital. Tv-en står på, mest for å skjule at ho les og lytter til klassisk musikk.  Huset er eit luksuskompleks, der bebuarane vert teikna litt karikert snobbete og sjølvsagt der ingen har særleg sans for denne Reneé. I ein av leiligheten bur Paloma, også ho ein slags einstøing som kjenner seg litt framand i livet. Ho er berre 12, men formulerer seg som ein forskar innan filosofi. Paloma isolerer seg frå resten av familien og blir, lik Reneé ein betraktar av livet i leigegården. Ein verdskjent japaner, Kakuro flytter inn og skaper uorden i leigegårdens hierarki…

Paloma og Reneé vekslar med å vere forteljarstemma i boka. Paloma mistenker nok at Reneé skjuler noko og dei finn etter kvart kvarandre. Kakuro avslørte Reneé ved første møtet og inviterer Reneé på besøk, noko som er uhørt! Dei finn tonen og for første gong kan Reneé diskutere kunst, kultur, musikk med ein likesinna.

Eg må innrømme at eg var litt irritert til å begynne med. Det blei litt sånn ”vis at du har forstått vitenskapsteorien”, moderne kunst osv. Paloma, var for veslevaksen og eg fekk lite sans for ho. Likevel blei eg nysgjerrig. Sidan eg sjølv las om fenomenologi på dagtid (studier), så fann eg ut at dette var jo faktisk ein måte å forstå og lære. Etter kvart utvikla historia seg og eg måtte berre få med meg kva som hendte – og blei oppslukt og betatt. Eg liker forteljingar som gir meg litt motstand. Boka er stappfull av sitater og på bokelskeren.no finn du mange av dei.

Romanen er blitt ein bestselgar og vunne mange prisar. Denne kan eg anbefale til påske! Kanskje du finn den i hyllene på Nattbordet?

Advertisements

3 kommentarer om “Pinnsvinets eleganse

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s