What I talk about when I talk about running.

Det er underleg kva ein kjem over i pauser mellom planlagde bøker. Som regel pleier det å vere ganske vellukka. Denne lille boka er Haruki Murakamis sjølvbiografi (a memoir). Eg er ikkje spesielt interessert i løping og i alle fall ikkje langdistanseløping som maraton, ultramaraton og triatlon som forfattaren sjølv hengir seg til. Murakami er nok ein beskjeden mann og ein brautande memoarbok ville ikkje kle denne forfattarane. Difor hans refleksjon om løping
interessant. Parallellhistoria til ulike løp og ikkje minst førebuing til løpa er forteljinga om hans forfattarskap. Så på det ytre kan dette vere ein inspirasjon til både unge forfattarspirer og dei som har starta på ein løpekarriere.

Murakami blei forfattar ved ein tillfedighet, ikkje som eit innstendig ønske, evig gutedraum slik Knausgård skildar det. Han begynte korkje med skriving eller løping fordi nokon fortalde at han skulle gjere det. ”One day out of the blue, I wanted to write a novel”. Han dreiv ein jazzbar, men solgte den og satsa alt på skrivinga.

Han meiner at det er tre viktige ting som er viktig viss du vil blei ein forfattar. For det første er det talent, det må du ha og kan i liten grad trenast opp. Dei to neste er fokus og utholdenhet. Dette er eigenskaper som kan trenast opp over lang tid. Murakami bruker heile tida løping som ein ein slags metafor for forfattarskapen; halde ut smerte, trene, ønske om å prioritere aktiviteten uansett kor ein er osb. Han meiner at alt han har lært om det å vere forfattar har han lært gjennom å løpe. «Exterting yourself to the fullest within you individual limits: thats the essence of running, and a metaphor for life”.

Løping og skriving er einsame aktivitetar, men Murakami er på hels med Japanske olympiske meistre, men kjenner dei ikkje – har kanskje veksla eit ord eller to. Det kan verke som om han opplever same einsemda som forfattar, men på ein annan måte. Han er jo populær og blir invitert til å skrive innleiingar, gjesteforelese her og der. Eg savner litt meir om livet utanfor løping og foredragssalen. Kona er trufast på sidelinja, både på løpe og elles i livet, men vi får ikkje vite meir, og blir veldig nysgjerrig på ho.

Murakami skriv nesten poetisk om dei ulike løpa. Det ekstatiske, eller kanskje nesten-religiøse ved å fullføre eit maraton. Og jammen vert ein nesten inspirert til å prøve langdistanseløping… Tittelen speler på Raymond Carver’s ”What We Talk About When We Talk About Love”.

Dessverre finn du ikkje boka på Nattbordet, men andre bibliotek har den.

Advertisements

En kommentar om “What I talk about when I talk about running.

  1. Selv gjorde jeg en blemme og leste denne boka etter å bare ha lest en bok av ham tidligere. For all del, den sto godt på egne bein, og var veldig inspirerende, men den ville utvilsomt vært enda mer interessant i dag. Nå har jeg lest alt av ham som har blitt oversatt.

    Uansett. En knallgod bok – noe annet var ikke å vente av Murakami. Vår tids kanskje største forfatter. Lurer på hvordan han blir omtalt om 50 år. Nevnes han da i samme ordlag som nobelprisvinnere som Hemmingway, eller Fitzgerald?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s