Knausgårds sjette kamp

Det er ein av desse hustrige, regnfylte sommarane og berre etter nokre få feriedagar er tålmodet litt slitt. Jølster er vakker, og det er regnet si skuld. Vi har vore gjennom fleire av musea, dei einaste inneaktivitetane Jølster og omegn tilbyr oss etter at Førde interansjonale musikkfestival er over. Vi kom ein dag for seint til årets happening, då Knausgård vitja Eikås-galleriet. Hendinga er med i det sjette bandet av «Min kamp». Denne gigantiske metaromanen vi trufaste lesarar venta så lenge på. Men når ho låg der i bokhandelen mista eg lysta. Den var for svær, ikkje til å halde i handa, heller ikkje til å ha i veska. Eg prøvde fleire gonger å nærme meg ho. Eit alternativ var e-utgåva, men den var ikkje der.

Det er altså sommar og regnet høljer. Familien har teke turen til Astrup-tunet. Reiseføglet, bortsett frå meg og dottera mi, som ikkje er så glad i guida museumsturar, tek runda i dei små husa. Tunet, eller meir bakken, er vakker. Utsynet mot Jølstravatnet og nordsida er magisk, i alle fall kan vi kjenne dropar av det magiske. Astrup har fleire variantar av dette utsynet. Vi er ikkje mange, nokre pensjonistar i tillegg til mine søstre og tantebarn. Plutseleg, som ein bauta, eller kankje Hufsa er det ein kar der som fyller heile tunet. Sjølvaste Knausgården viser seg på den smale gruslagde stien mellom husa. Det er ikkje mogleg å gøyme seg, koreleis oppføre seg naturleg og uanstrengt, ein som ikkje veit, eller bryr seg om kven det er om kjem med kone og barn? Hugser at han skriv litt om det; det ubehaglege i å bli attkjend og om kor beklemmande det er og kor lite han eigentleg liker oss, publikummet hans. Men han har vel eit hat-elsk forhold til oss, viss eg skal tolke utsegna i 6. boka – denne kommentarutgåva til det store bokprosjektet. Vi rekna jo med at han ville kommentere meldingar, omtaler, publikumsreaksjonane. Er det difor det blir så vanskeleg å ha han i nærleiken? Skal eg sei noko? Astrup-tunet er så smalt og trangt. Som turistar helser vi litt på kvarandre her, nett som vi skulle vere langt inne på fjellet, men Knausgården inviterer ikkje til samtale, helsing, inneforståttheten vi Astrup-fansen har. I ein av bøkene snakkar han om Astrup, kor mykje bileta talar til han, så vi har noko felles der, eg og Knausgården. Han kjem frå sjølvaste Astrup-bygda Ålhus, eg; hytteturisten frå nabodalføret Årdalen.

Og der står eg og blir heilt stiv og unaturleg og redd for å dumme meg så ut at han vil skrive om nok ei kulturkjerring som elger seg opp etter han og gjer han forlegen og utilpass og ønsker seg bort og heim.  Mn eg later som ingenting, snubler over han att inne på museet. Han med nasa ned i nokre skuffer med trykk, som eg veit han har lyst på. Eg veit det nok, veit at du og har lyst på skikkeleg Astrup, for det har eg lese. Slik var mi næroppleving av forfattaren, historia kom ikkje med i kommentarutgåva, berre nesten, kanskje like bra?

Romanen krev tolmod, eg blir provosert over kva han vil og krev at eg må gjennom. Hitler-essayet er fasinerande, og han angriper historia frå ein annan vinkel enn dei tradisjonelle biografiane. Korleis blir individet til eit vi? Han gir meg enno meir familiehistorie, eg vert kikkar og likar det ikkje, men eg les, les fort og langsamt. Dette tek tid. Er det greitt å utlevere eldstedorrera sin talefeil, kona si mentale uhelse? Han må gjere det, seier han, men eg veit ikkje. Morgenbladet har ei lengre melding som du finn her.

Biblioteket har boka: Sjekk om den er tilgjengeleg her.

Advertisements

En kommentar om “Knausgårds sjette kamp

  1. Dette var et fint innllegg for «Knausgården», – personlig, reflekterende, du formidler at det har vært en kamp å komme gjennom hans kamp, men at det likevel må ha vært en givende leseropplevelse. Selv fikk jeg nok etter første bind… men kanskje jeg revurderer nå…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s