Ord vil ikkje koma

…skriv Lars Amund Vaage eller eg-personen i romanen «Syngja» og fortel om liv med ei autistisk dotter. Forteljinga er basert på forfattaren sine eigne opplevingar. . ”Eg fødde G.”, og seinare  ”Tvilen kom inn i heimen”. Familien lever sitt liv i det raude rekkehuset, innanfor slepp få inn.

Han ser tilbake på kjærleiksmøte mellom mor til dottera og deira samliv og forsøk på liv dei neste ti åra. Samstundes har det gått ei tid og forteljaren har flytta til ein annan kant av landet og starta eit nytt liv med ny familie. Som lesar forstår eg at det har vore eit ”oppgjer” der han innser at han må ha avstand til G. Ho som slukte han og styrte livet i så mange år. Eg-personen ser tilbake på denne perioden med distanse og refleksjon.

Forfattaren vil helst ikkje skriva om dette livet, men gjer det likevel.  Han skjermar ho som ikkje kan forsvare seg ved å kalle ho G. og som forteljar viser han avstand ved å omtale ho som ”barnet”. G. manglar språket forfattaren lever av. Og på denne måten skrik skilnaden mellom det normale og unormale mot lesaren. Forteljaren skildrar korleis han med stort tolmod lokkar og lurar først G, og så kanskje seg sjølv til å møte språket, til å meistre orda. ”Me ville sjå henne eller endra henne. Me ville sjå henne som ho var, men me var blinde”. Det er som om dei ikkje godtek at det verbale språket ikkje er hennar, at ho har eit anna som vi ikkje når fram til og som ikkje er til å forstå.

Eg synes dette er ei vakker forteljing om livet med eit funksjonshemma barn. Forteljaren skriv med mange stemmer og valører. Det er kjærleik, sorg, strev og fortviling. I etterpåklokskapens lys ser forteljaren at det kanskje ikkje var verdt strevet med åtferdsterapien og all treninga. Er det ein terapi for dei vaksne, for at vi skal vere tilfredse, vise at vi har gjort noko?

Vaage viser stort mot ved denne forteljinga. Det er gjer godt å lese om tvilen, om strevet utan at det blir for svart. Vaage blei spurt om dette var ei bok om sorg, og eg meiner han svara at det var ei bok om kjærleik og språk. Og det er det. Vakkert og poetisk skildra, som det ofte er når det er liknande tema.

Biblioteket har boka, sjekk BIBSYS for å sjå om den er tilgjegeleg.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s